Om Fagerdalen

Litt om historia til Fagerdalen
 

Fagerdalen er langstølen til garden Søre Berg i Hovet.

Garden har også ein heimstøl: Grønnset, men den er ikke i drift i dag.

Frå gammalt hadde garden 8 stølar rundt om på fleire steder, og det var vanlig i den tida då d ei måtte flytta rundt for å benytte ressursene best mulig.

Søre Berg hadde forskjellige eigarar, men i år 1702 kjøpte Hermunn Askrimson Rue Søre Berg, og med han kom garden inn i vår familie. Så i år 2002 har den vært i familien i 300 år.

Det har vært stølsdrift på Fagerdalen så langt tilbake ein veit. Hundrevis av meter med steingjerder og 15 gamle tufter i området er eit sylig bevis på at det har vært stor aktivitet her i gamle dagar.

I dag sit me att aleine, men heldigvis er det både sau og andre storfe rundt oss. Beite for tamrein har det også vært frå 1700-tallet og fram til år 1982.

Fjellbeite har vært, og er ein viktig ressurs for oss fjellbønder. Dei fleste har ikkje nok beite heime om sommaren, så då er det berre å buføre til fjells.

Me set pris på både å kunne benytte oss av dette, og med det, også ta vare på noko av kulturlandskapet vårt.

Ein ting til som er viktig, er at mjølka blir ekstra rein, god, næringsrik og feit. Derfor kan me fortsatt også i dag laga ekte stølskost.

Slik foredla me mjølka:
Kyrne går ute heile døgnet, og blir berre tatt inn for mjølking morgen og kveld. All mjølka blir separert, fløyta set me til syrning som så blir til rumme, som me selger, servera, koka rummegraut eller kinna smør av..

Skummamjølka ysta me forskjellig ost av. Mysu som då bli igjen, får grisen, så her sløsa me ikkje med ein dråpe!

Alt som blir laga, selger eller serverer me på stølen.

Før turistenes tid var det meir tungvint. Då skulle også alt benyttast; rummen vart kinna til smør, saupen som då blei att, kokte dei til saup-prim.

Ein del heilmjølk kokte dei mjølkeprim av. Skummamjølka blei til ost av forskjellige slag, og av mysu kokte dei myseost.

Før vegen kom, vart alt frakta med hest og kløv og solgt i bygda. Så det var litt av eit slit å sita på stølen. Men då som no er det noko spesielt å kunne få kalle seg budeie.

Det er nok mange, og forskjellige grunner til at me set så pris på detta livet, men uansett er det godt å kunne dele noko av dette med andre.

Ikkje minst å få presentere ekte stølsmat, som me påstår er unik i dag.

Men også det å la andre ta del i freden og roen i eit miljø med husdyr omkransa av fjell og vidde.

Det er mykje ein kan fortelja om Fagerdalen og om stølslivet før og no, men det kan du få høyre meir om hvis du kjem!

Hjertlig velkommen skal du være!

Helsing budeia

 Anne Lise

Bjørgl 24.10.2014 21:40

Jeg var på stølen i sommer og håper at pensjonistforeningen jeg sogner til vil ta seg en tur til Fagerdalen støl som jeg syntes var helt unik.

Nyeste kommentarer

28.07 | 22:04

Har smør nå, men vet aldri når det blir tomt! Når kommer du?

28.07 | 15:53

Ønsker å kjøpe 1 kg smør.

23.07 | 20:11

Hei, Hvor mye ville du ha da? har i 200 gr til 135.- og 300 gr for 200.-

23.07 | 09:19

Hei! Ser at dere har smør til salgs. Er det mulig å forhåndsbestille og...